«Kallen»:

Liv på husmannsplassen

På Frøholm mellom Olden og Innvik ligg husmannsplassen «Kallen». Anne Merete Seime Rasmussen og Per Rune Rasmussen frå Loen kjøpte denne eigedomen i 2004. Dei har lagt ned eit stort arbeid for å berge bygningane, og ikkje minst gje husa eit personleg preg.

Kreativ dame:–Ho besta sa vi ikkje skulle sitje med knepte hende, ler Anne Merete og viser fram litt av handarbeida sine. 

Nyhende

Fjordingen møtte Anne Merete, kanskje betre kjend som «Meten», i løa der ho var i ferd med å pynte til jul. Ho er ei kreativ dame som produserer mykje handverk i løpet av året. Dei siste åra har ho opna «Kallen» til ein slags førejuls-butikk, der ho sel ein del av strikkeproduksjonen sin. Etter ein interessant rundtur både i løa og stabburet, baud vertinna på kaffi i hovudhuset og ein prat om «Kallen».