Ingen fyrverkeri på julegrantenning i Stryn:

- Nytt i år er fakkeltog og peparkakebygd

Laurdag 30. november er det duka for tradisjonell julegrantenning på Per Bolstad plass, med ein del nytt på programmet.

Laurdag er det julegrantenning i Stryn, og nytt i år er fakkeltog og opning av peparkakebygda i kulturhuset. - Ta på nisselue og ta med lys til fakkeltoget, oppfordrar arrangørane. Her Stryn musikkorps med hjelp frå musikklaget for to år sidan. 

Nyhende

Nytt i år blir nemleg fakkeltog til kulturhuset og opning av peparkakebygda i foajeen.

Stryn kulturskule og Stryn Handel samarbeider om arrangementet. Først ut er samling på Per Bolstad plass, der Stryn Musikklag og Stryn Skulekorps står for musikken.

Så blir det tale ved Henny Koppen, og nissen kjem sjølvsagt. Deretter blir det fakkeltog frå Per Bolstad plass til kulturhuset, og opning av peparkakebygda der.

Arrangørane oppmodar folk om å stille med nisseluer og lys i toget, og musikantane vil leie an toget med julemusikk.

Peparkakebygda er eit initiativ frå kulturskulen, som har invitert alle skulane i kommunen til å stille med to peparkakehus kvar. Her blir kort program med musikk og dans ved kulturskulen sine elevar, fortel arrangørane, og ønskjer alle velkomne.

Fyrverkeri står ikkje på programmet i år.