Stryn og Vikane deltek i futsal-KM

"Sølvlaget" til Stryn i 2018: F.v. Asbjørn Tenden, Stian Olsbø, Justinas Busmic, Håvard Hetle, Mathias Garlid, Vegard S. Hopland, Marius Rauset, Håvard Kroken, Tanel Melts, Geir Inge Rake. Framme: Emil Allesøe.   Foto: Stig Høynes

Nyhende

KM i futsal for senior går av stabelen i Trivselshagen på Sandane i helga. Stryn stiller med tre herrelag, Vikane med eitt. Stryn stiller derimot ikkje med damelag i år.

Stryn vart nummer to i herreklassen i fjor, medan damelaget gjekk heilt til topps. Men i år stiller altså ikkje Stryn med damelag i turneringa. Trenar Johann Sigurdsson forklarar:

– Vi har hatt ein lang sesong, og jentene treng kvile no. Vi såg også at det var svært få damelag som var påmeldt i utgangspunktet.

Stryn sine tre lag og Vikane spelar i desse puljane innleiingsvis:

Gr. 1: Eikefjord, Førde 1, Jølster, Stryn 3, Studentspretten.

Gr. 2: Breimsbygda, Måløy, Stryn 2, Vik, Vikane.

Gr. 4: Askv./Holmedal, Bremanger, Dale, Sandane 2, Stryn 1.