Strålande start på verdscupsesongen:

Bøarane banka alle

Dobbelt Bø: Tarjei Bø t.v. og Johannes Thingnes Bø tukta resten av verdseliten i sesongopninga i Östersund. Foto: NSSF  Foto: Norges Skiskytterforbund

Nyhende

Det vart ein kanonstart på verdscupsesongen for Bø-brørne.

Etter pallplass og strålande innsats på mix-stafetten i går vart verket krona med dobbeltsiger på dagens sprint i Östersund.

Tarjei Bø gjekk først ut av brørne, og etter første skyting låg han glimrande til, eit snautt sekund etter leiande Martin Fourcade. Johannes Thingnes Bø fekk ein bom på første skyting, men heldt som vanleg høg fart i sporet.

På andre skyting fekk Tarje ei skikkeleg vindkule før siste skotet. Trass i at han heldt skotet og jobba hardt for å få ned siste blinken, måtte han ut i strafferunda.

Johannes på si side plaffa ned alle blinkane i ståande.

- Eg såg Tarjei og håpa han skulle rett ut. Men så måtte han diverre i strafferunda, sa Johannes til NRK etter løpet. Dermed vart publikum snytt for ein skikkeleg Bø-duell i løypa.

Johannes vann suverent, med Tarjei 19 sekund bak. Russaren Matveij Eliseev såg lenge ut til å kunne splitte brørne, men med Tarjei sin fart på sisterunda måtte russaren ta til takke med 3. plassen, eit knapt sekund bak stryningen.

I dag "lukta det svidd" av storebror, det var ikkje Johannes Thingnes Bø i tvil om.

- Tarjei var rå i dag. Eg skjelv no! lo han.

Tarjei på si side sa det er deilig å vere "gode gamle Tarjei" igjen.

- Eg har trent godt og følgt god, gammal gulloppskrift, fortalde han.

Dermed kan det bli spennande framover, ikkje minst med spørsmålet om når Tarjei blir å sjå på toppen av pallen igjen. Formen dei siste to dagane skulle tyde på at det kan skje når som helst.

Det vart elles ein god norsk dag med Johannes Dahle med karrierebeste på 7. plass og Erlend Bjøntegård på 8.

På plassane bak Bø-brørne følgde Elisesev, Loginov, Fourcade og Kuhen.