Sogn og Fjordane på 1. plass på Norsk kulturindeks:

- Har den beste kulturelle skulesekken i landet

Sogn og Fjordane er på førsteplass på Norsk kulturindeks 2018 når det gjeld tilbodet i Den kulturelle skulesekken (DKS).

Ein av mange konsertar i regi Den kulturelle skulesekken. (Illustrasjon)  Foto: David Zadig/DKS

Nyhende

– Vi jobbar mykje med å gje elevane i Sogn og Fjordane eit så godt og variert kunst- og kulturtilbod som mogleg. Då er det kjekt å sjå at arbeidet gjev resultat. Dette var stas, seier DKS-koordinator i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker, i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane har tidlegare delt førsteplassen med Telemark.

Måler samla DKS-tilbod

Norsk kulturindeks måler heile DKS-tilbodet i fylket, både det som blir formidla av kommunane og av fylkeskommunen. Fylkeskommunen står for det største tilbodet og formidlar turnear til både grunnskule og vidaregåande opplæring.

I Norsk kulturindeks tronar Sogn og Fjordane aleine på topp, eit stykke framfor Aust-Agder på andreplass og Vest-Agder på tredjeplass.

Jobbar med å balansere tilbodet

Tala i kulturindeksen er basert på breidda og omfanget i DKS-tilbodet totalt for alle kommunane i fylket. Det vil seie kor mange ulike sjangrar elevane har fått oppleve, og kor mange tilbod elevane i grunn- og vidaregåande skule har fått i løpet av året.

– Vi har dei siste åra jobba særleg med å balansere tilbodet i skulesekken med ulike kunst- og kulturuttrykk. Eitt av tilboda er at alle elevane på niande steg kvart år får ein DKS-dag på det næraste museet. Vi har også jobba aktivt med film og å få inn fleire filmar, då denne sjangeren tidlegare var underrepresentert i tilbodet til skulane, seier Høstaker i pressemeldinga frå fylkeskommunen.

Om Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg, både i grunnskulen og den vidaregåande skulen, får møte, gjere seg kjent med og utvikle forståing for profesjonell kunst og kultur av alle slag. I Sogn og Fjordane er det fylkeskommunen som administrer tilbodet til elevane i fylket.