Hundrevis møtte fram for å sjå julegran og peparkakebygd

Folksamt: Det var folksamt på Per Bolstad-plass då julegrana vart tend laurdag.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Hundrevis møtte på Per Bolstad plass for å oppleve tenning av julegrana, underhaldning, nissebesøk og ikkje minst delta i toget til Stryn kulturhus. I kulturhuset stod dei klare for å syne fra peparkakebygda som born og vaksne frå heile kommunen er meistrar for. Sjeldan har foajeen i kulturhuset for så stappfullt som laurdag, og kulturskulerektor Linda Gytri seier dei neste år skal vurdere å bruke storsalen til underholdninga slik at alle får sjå.
-Vi hadde ikkje venta så stor oppslutnad, seier Gytri.