Strålande ståandeskyting av Johannes

Mangler Tittel

Dobbelt Bø: Tarjei Bø t.v. og Johannes Thingnes Bø tukta resten av verdseliten i sesongopninga i Östersund. Foto: NSSF 

Nyhende

Norge veksla på 8. plass etter første etappe (Ingrid Landmark Tandrevold). Italia låg i tet framfor Tyskland.

Tiril Eckhoff sende Tarjei Bø ut i same posisjon, 8. plass, meed 1.32 opp til leiande Italia.

Tarjei måtte til med eitt ekstraskot på liggande, men hadde teke inn 10 sekund på teten.

Med eitt ekstraskot også i ståande gjekk han det norske laget kraftig opp og kunne sende bror Johannes Thingnes Bø ut på sisteetappe på 3. plass, bak Italia og Sverige. Distansen opp var 1.00 til Italia og 1.07 til Sverige.

- Eit gneiestrande godt langrenn av Tarjei Bø, som viser lovande form, fastslo NRK-kommentator Andreas Staburn Smith.

Johannes gjekk raskt forbi svensken, men fekk voldsom vind på standplass og måtte bruke ekstraskota sine for å få ned alle blinkane. Avstanden opp til Italia var no 49,5 sekund.

Så tok han ein skikkeleg Bø spesial, prikka inn fem blinkar i rask rekkefølgje og gjekk ut berre 12 sekund bak italienske Windish.

Dermed vart det ein spennande sisterunde, men avstanden opp til Italia vart akkurat for stor

4,1 sekund skilde Italia og Norge i mål.

- Fantastisk å få til ein slik ståandeserie etter den sesongen han hadde i fjor. Og fysisk ser det strålande ut, sa NRK-kommentator Ola Lunde.

Sverige vart nummer 3, minuttet bak vinnaren.