Miljøstasjonen i Hornindal held fram

Renovasjonsordninga i Hornindal held fram om lag som før, når Volda og Ørsta Reinhaldsverk overtek etter Nordfjord Miljøverk.

Hornindal miljøstasjon: Volda Ørsta Reinhaldsverk vil vidareføre tilbodet ved miljøstasjonen i Hornindal.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Tysdag 17. desember vert siste opningsdag ved gjenbruksstasjonen eller miljøstasjonen i Hornindal, i regi av NoMil. Volda og Ørsta Renholdsverk (VØR) opplyser at dei vil vidareføre drifta ved miljøstasjonen, med opning kvar tysdag. Dette skjer frå nyttår. Avfall som ikkje kan leverast i Hornindal kan leverast på felles miljøstasjon i Hovdebygda.VØR opplyser at dei vil sende ut brev til alle abonnentar i Hornindal før jul, men seier allereie no at dei overtek dunkane frå NoMil, slik at abonnentane slepp å byte bossdunkar. Tømefrekvens vil vere som i dag. Abonnentane vil og få ein eigen raud boks for farleg- og småelektrisk avfall. Denne kan folk tøme sjølv på miljøstasjonen når boksen er full, eller gjennom to årlege innsamlingsaksjonar på bygdene, ein på våren og ein på hausten.