4. divisjon handball:

Stryn stiller med favorittstempelet

Heimekamp: Terese Vik Nygård og Stryn tek i mot Jotun.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

Nyhende

Eit Stryn i medvind tek i mot Jotun til 4. divisjonskamp i handball søndag.

Strynedamene kjem frå to sigrar i lokaloppgjera heime mot Eid og borte mot Gloppen, noko som har ført laget til trenar Oddny Grete Njøten opp på 3. plass på tabellen.


Stryn tukta serieleiaren Gloppen

Stryn sine handballdamer tok ein særs sterk bortesiger over Gloppen i 4. divisjon måndag.


Jotun på si side, som rykka ned frå 3. divisjon sist sesong saman med mellom anna Stryn, har fått ein tung start på sesongen og ligg sist med to poeng på sine fire spelte kampar.