Storsiger til strynedamene:

Tredje siger på rad

Stryn hadde få problem med å sette Jotun på på plass i 4. divisjonsoppgjeret i handball søndag. Då sluttsignalet gjekk i Strynehallen stod det heile 37-21 til heimelaget.

Tredje strake: Strynedamene hadde ingen problem med å tukte Jotun og vann med heile 37-21 heime søndag. Foto: Sigrid Heggestad 

Nyhende

Stryn fekk ein god start mot botnlaget, og etter ti minutt stod det 9-3. Til pause stod det 17-7 til Stryn etter solid forsvarsspel.

Det vart aldri spennande utover i 2. omgang, og Stryn hadde full kontroll på årdølene. Ti minutt før slutt leia heimelaget med 14 mål. June Roksvåg Leirgulen fekk æra av å sette inn Stryn sitt siste mål i kampen.

Dermed står Stryn med tre strake sigrar i 4. divisjon. Neste helg kjem Førde sitt 2. lag på besøk i det som er damelaget sin nest siste kamp før jul.