Arve Hovdenak ny styreleiar i Hornindal skisenter

Arve Hovdenak frå Ørsta er valt som ny styreleiar i Hornindal Skisenter AS.

Ny styreleiar: Arve Hovdenak tek over som styreleiar i Hornindal Skisenter etter Randi Langlo. 

Nyhende

Han tek over etter Randi Langlo. Ho vil halde fram arbeidet for skisenteret utanfor styret. Det opplyser Hornindal skisenter i ei pressemelding.

Hovdenak har sjølv vore aktiv alpinist i sin ungdom, og har framleis stor glede av å trene og delta i veterankonkurransar.

– Eg har alltid hatt stor interesse for ski og spesielt innan alpin skisport. Ein stor del av fritida mi gjennom heile livet er brukt til skisport og skianlegg i inn- og utland. Etter at vi bygde hytte i Harevadet rett ved Hornindal skisenter, har vi brukt mykje tid i dette området, både vinter og sommar. Og vinters-tid både på alpint, randonne og langrenn. Dette er eit flott område med gode anlegg som er utbygde med ein imponerande dugnadsinnsats. Området er snørikt og heilt klart eitt av skianlegga på Nordvestlandet med dei beste naturgitte forholda. Det gjer meg motivert for å vere med i arbeidet med å drive anlegget vidare. Og eg ser spennande utviklingsmuligheiter framover, seier Hovdenak.

Generalforsamlinga i Hornindal Skisenter valde og Per Mattis Lødøen som nytt styremedlem. Han erstattar Anders Lødemel. Rekneskapen for førre sesong viste 3,2 mill i omsetjing og 316.000 kr i resultat.