Opnar akuttkirurgien i helgane

Gledeleg driftsendring ved Volda sjukehus frå 16. desember.

Volda sjukehus: Opnar for akuttkirurgi i helgane frå 16. desember.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Volda sjukehus vil opne for å behandle akuttpasientar også i helgane, det går fram av ei pressemelding frå Helse Møre og Romsdal.

– Kapasiteten ved operasjon og sengepost i Ålesund er belasta, og målet er at opninga på helg i Volda skal føre til betre ressursbruk og betre pasient- behandling ved begge sjukehusa, seier konstituert klinikksjef Ingrid Vasdal i meldinga.

Samarbeidande fagområde har no gjort nødvendige tilpassingar i samband med driftsendringa.

Akuttkirurgien opnar altså 16. desember og helseføretaket skal evaluere konsekvensane av driftsendringa før 2022.