Julegrantenning og opning av peparkakebygd:

Stor begeistring for den nye peparkakebygda

Lystenning på julegrana og opning av peparkakebygda i Stryn kulturhus samla hundrevis i Stryn.

Flott bukett: Bak frå v: Kulturskulerektor Linda Gytri, Ugne Dambraskaite, Lea Maria K. Brekke, ordførar Per Kjøllesdal, Ingeborg Lunde og Marte Lunde Sætre. I midten frå v: Marita Aasebø Hjelle, Ainura Saunanen, Sara Sætre Loen, June Guddal Kirkeeide og kulturskulelærar Annette Lunde. Fremste rekkje frå v: Emilie Berge, Ane Hjelmeset Kirkeeide, Malene Guddal Sunde og Ronja Sveen Hatledal. Dei største borna i julegenserar er i dansegruppa «Ugly christmas Sweaters» (stygge julegenserar). Raudkledde born er «Nissens små hjelpere» og er med i den yngste dansegruppa. 

Nyhende

– Vi venta ikkje så mange. Neste år må vi vurdere å ha underhaldninga i kultursalen så alle får sjå, kommenterte Linda Gytri då hundretals gjestar strøymde ut att i vinterkvelden.