Stor dugnadsinnsats for populær dagsturhytte

Indre Nordfjord Turlag legg ned mykje dugnadsarbeid for ei godt besøkt dagsturhytte i Stryn.

Ved til neste år: Stor dugnadsinnsats frå Indre Nordfjord Turlag sørgjer for at det er ved til folk som skal besøkje Dagsturhytta i Kloppemyra i Stryn. Foto: INT 

Nyhende

Fylkeskommunen sine tal viser at dagsturhyttene i Sogn og Fjordane er populære, og har hatt totalt om lag 250.000 besøk sidan dei var bygde.

Siste året har det og vore mykje folk innom dagsturhytta i Kloppemyra i Stryn, men kommunen har ikkje teljeapparat der som registrerer besøk.

– Difor er det vanskeleg å seie noko eksakt om talet på besøk. Utifrå at barnehagar og barneskular brukar dagsturhytta til utflukter, og ikkje skriv inn alle som er med, er det nok nokre tusen besøk også ved hytta i Stryn. Det er også mange andre som går forbi, utan at dei vert registrert, seier leiar i Indre Nordfjord Turlag (INT), Olav Auflem.

Stryn kommune eig hytta, medan INT har ansvaret for vedlikehald og ettersyn.

Fornøgd med fasilitetane

Han fortel at INT elles er godt fornøgd med at ein har omn i hytta, nærleik til vatn i elva, utedo og solcellepanel. Dette gjer at hytta også kan nyttast på kveldstid.

– Dugnadsinnsatsen til turlaget har vore særs god ved hytta. Ved er saga, kløyvd og lagt opp. Dermed er tørr ved neste år sikra. Inntil no har vi tatt med ved heimafrå når vi fer forbi, rosar INT- leiaren.

Turlaget har også vore med på fleire arrangement ved hytta, og stått for servering til blant anna Sparebankforeninga og representantar for Møre og Romsdal Fylkeskommune.

– Meir framkommeleg sti

Turlaget har overfor kommunen tatt initiativ til å sjå på ein meir framkommeleg veg fram til hytta, for funksjonshemma og andre som ikkje kjem seg fram på dagens stiar.

– Sjølv om det er høve til å kome til dagsturhytta frå fleire ulike plassar, er dette eit sakn for dei som ikkje kan gå dei vanlege stiane, seier Auflem.

Skilting og aktivitetar

Turlaget har også tatt til orde for betre skilting ved riksveg 15 og ved stadion, og med eit oversiktskart. Dette kjem på plass om nokon saknar dette.

– Elles har turlaget og kommunen også diskutert diverse mulegheiter til aktivitetar i og rundt hytta. Naturen ligg der, og det er muleg å gjere den meir attraktiv med små midlar, seier han.

Vidare opplegg rundt hytta framover må vere i tråd med kommunen. Turlaget kjem med innspel, og så må ein saman sjå på løysingar.