Vedtok handlingsprogrammet for idrettsanlegg:

Tok vekk løyvingssummen til uteområde ved skulen

Handlingsprogrammet i kommunedelplanen for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv vart vedteken i sist kommunestyre. Men punktet om løyvingssum til uteområde ved Stryn ungdomsskule vart endra.

Venta lenge: Uteområde ved ungdomsskulen har stått i handlingsprogrammet i omlag 15 år utan at noko har skjedd. No er dei prioritert som nummer to.   Foto: (arkiv) Harald Vartdal

Nyhende

Alle kommunar som skal søkje midlar frå spelemiddelordninga er pålagde å ha ein vedteken kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, og anlegg som skal søkje spelemidlar må vere med i handlingsprogrammet som er del av planen.