Dagsturhyttene har hatt om lag 250.000 besøk

- Vi har treft ein nerve

Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane har hatt om lag 250.000 besøk. Det er fleire enn det er folk i fylket.

– ein suksesshistorie: Rådgjevar for fysisk aktivitet og idrett i S & F fylkeskommune, Atle Skrede sa at dagsturhyttene har eit livsløpsperspektiv og stiller sterkt når spelemidlar skal fordelast.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Fylkeskommunen sine tal viser at dagsturhyttene i Sogn og Fjordane har hatt 250.000 besøk, skriv Firda. Hytta i Førde har hatt 32.000 besøk, og ho har berre vore open i eit knapt år.

– Det er heilt klart at vi har treft ein nerve, dette er noko folk vil ha. Vi har infraraud teljar i seks av hyttene, og vi er ganske sikre på tala, seier Atle Skrede. Han er tilsett i fylkeskommunen og òg initiativtakaren bak dagsturhyttene.

Fylkeskommunen samarbeider med Vestlandsforsking for å finne ut i kva grad desse hyttene betyr noko for folkehelsa og om dei når nye målgrupper.

(©NPK)