15 får stipend frå idrettskrinsen

Stipend: Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL, er tildelt stipend frå idrettskrinsen.  Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

Nyhende

Sogn og Fjordane idrettskrins lyste i oktober ut stipend til unge utøvarar i alderen 16–19 år. Idrettskrinsstyret vedtok å tildele stipend til 15 utøvarar som allereie har hevda seg svært godt i sin idrett.

Frå Stryn kommune fekk Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL (skiskyting), Steffen Melheim, Olden IL (friidrett) og Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL (skiskyting) stipend. Også Julia Jordanger Loen, Breimsbygda IL (vektløfting), med familieband til Loen, fekk stipend på 10.000 kroner.

- Føremålet med stipenda er å stimulere og hjelpe unge, aktive idrettsutøvarar i aldersgruppa 16-19 år til å søkje utvikling og framgang i sin idrett. Vilkår for tildeling er at utøvar representerer eit idrettslag i Sogn og Fjordane i idrett og grein som er tilslutta Norges idrettsforbund, og må halde høgt nasjonalt og/eller regionalt nivå innanfor sin idrett, skriv idrettskrinsen.