LEIAR:

Høgtideleg overgang til nytt bispedøme

Prosesjon: Prosesjonen vart leia av kateket Beate Nes og konfirmantane Olav Andreas Seljeset og Martin Muldsvor, før biskopane Ingeborg Midttømme, Møre og Halvor Nordhaug, Bjørgvin.   Foto: Bengt Flaten

Kyrkjene vil ligge der dei ligg i dag, og kyrkjelydane bør framleis sjå glede i å besøkje kvarandre

Nyhende

1. januar er Hornindal prestegjeld historie. Frå same dato vert Hornindal del av Møre bispedøme og Søre Sunnmøre prosti. Søndag var det tid for høgtidsgudsteneste og ei flott og verdig markering av overgangen, med biskop Halvor Nordhaug og Ingeborg Midttømme som hovudpersonane i gudstenesta. Her var og både prostar, sokneprestar og kyrkjelege tilsette som alle medverka. For ikkje å gløyme dyktige musikalske krefter frå begge sider av dagens prostigrense og politisk leiing både i Hornindal og nye Volda.