Heider til Jan Nygård

Heidra: Prisvinnar Jan Nygård og presidenten i Stryn Rotary, Jonny Bolset. 

Nyhende

Jan Nygård er tildelt Paul Harris Fellow. Ein pris frå Rotary International for samfunnsnyttig arbeid. – Dette er ein pris som blir tildelt enkeltpersonar som har bidrege med noko særleg og spesielt i samfunnet, noko som har gjeve stor utteljing og vore til gagn og glede for andre i større målestokk, sa presidenten i Stryn Rotary, Jonny Bolset, under prisutdelinga i Nedstryn kyrkje søndag kveld.

Nygård som får prisen for meir enn 40 års aktiv deltaking i Stryns kultur- og musikkliv, var som vanleg på plass med gitar og fløyte. Han har lagt ned tusenvis av timar med songkor, i musikklaget, viseklubb, revy, kabaretar. Alltid positiv anten det er til høgtid eller lett underhaldning. Han har laga tekst, musikk og arrangement, og skapt mykje glede i lokalsamfunnet.