Skuleprosjekt:

Startar kvar undervisningstime med ein aktivitet

Elevane ved Tonning skule er i ferd med å få presentert eit eige treningsopplegg av Siri Linn Haugen frå Gym Stryn. Øvingane skal gjennomførast før kvar skuletime tek til.

Trim: Siri Linn Haugen frå Gym Stryn besøkte 5 E på Tonning skule for å vise øvingar dei skal gjere før kvar skuletime startar. F.v. William Nesje Sande, Ingrid Marie Flataker, Andrea Lindvik, Kaja Haugen Sønsterudbråten, Siri Linn Haugen, Huge Wieldraaijer, Oliver Sitarz og Chrispe Bazki. Framme f.v. Markus Olsen, Theo Sande Tenden, Nikolas Ullebø Hool og Dennis Maurset. Under bordet: Inga Hjelmeseter Garlid.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Siri Linn Haugen og Gym Stryn har fått støtte frå fylkeskommunen til å sette i gang eit skuleprosjekt som går ut på å få born og unge i meir allsidig treningsaktivitet. Haugen har demonstrert treningsøvingar for fleire av klassestega ved Tonning skule, og målet er at alle skulane i kommunen skal inn på dette prosjektet etter kvart.