Stemningsfull førjulshelg i Betania

Det var stor aktivitet og mykje folk innom Betania i helga. Kyrkjeringen si julemesse og Syng med oss med Blandakoret er begge kjære tradisjonar.

Fint: Eit samansett kor frå speidarane og barnekoret skapte god førjulsstemning med fin song. 

Nyhende

Nedstryn kyrkjering si julemesse er ein viktig tradisjon for mange. Her kjem det både tre og fire generasjonar, og mellom dei frammøtte var det mange som fortalde at dei hadde vore med frå dei var små.