Loen-elevar lærte kunsten å lage flatbrød

Med god hjelp frå bygdekvinnene lærte 6. og 7. klassingane ved Loen skule kunsten å lage flatbrød.

Flatbrød: For å lære elevane i 6. og 7. klasse å bake flatbrød, fekk dei hjelp av Lill Berit Tjugen, Gunnhild Moldestad og Sissel Loen frå Loen bygdekvinnelag.   Foto: Loen skule

Nyhende

– I mat og helsefaget skal vi lære å lage tradisjonsmat. Tradisjonsmat er mat og matrettar som fleire generasjonar har laga og ete. Heimebaka flatbrød er norsk matkultur, og flatbrød var det opphavlege norske brødet. Kunsten å bake flatbrød går meir og meir i gløymeboka. Det har vore lange tradisjonar med flatbrød, og sjølve bakinga er ein kunst som har gått i arv gjennom generasjonar, skriv skulen.