20 km i ettermiddag:

Meir jubel for brødrene Bø ?

Johannes Thingnes Bø vann verdscup-sprinten laurdag. I ettermiddag jaktar han nye verdscuppoeng i Östersund.  Foto: Svein Halvor Moe (arkiv)

Nyhende

I ettermiddag er det klart for eit nytt renn i verdscupen i skiskyting. Denne gong er det normaldistansen over 20 km som går av stabelen i Östersund.

Johannes Thingnes Bø er først ut av nordmennene på startnummer 16. Franskmannen Martin Fourcade går ut som nummer 20, medan Tarjei Bø har startnummer 30.

Johannes og Tarjei har fått ein draumestart på verdscupen, med andreplass på mix-stafetten laurdag og første- og andreplass på sprinten søndag.


Strålande start på verdscupsesongen:

Bøarane banka alle


Øvrige norske startande er Erlend Bjøntegaard (39), Lars Helge Birkeland (58) og Johannes dale (109).