Lostrupane:

Song fram julestemninga

Lostrupane – eit kor fullt av humør og songglede, skapte julestemning for dei 200 som fann vegen til Nedstryn kyrkje søndag kveld.

Tradisjon: Jan Heggheim i O’ helga natt. 

Nyhende

– Vi vonar du går heim att etter denne konserten med varme i hjartet og begeistring i blikket, sa programleiar Jan Heggheim etter at koret hadde slege an tonen med ein shanty «Shennandoa». Vakkert framført med songarar både i koret i kyrkja og oppe på galleriet. Tonane fylte kyrkja og skapte stemning.