Firedobbelt fransk i Östersund:

Tarjei Bø beste nordmann

Tarjei Bø vart beste nordmann på 20 kilometeren i Östersund.  Foto: Svein Halvor Moe (arkiv)

Nyhende

Det vart fransk totaldominans då verdscuprennet over 20 kilometer i skiskyting gjekk av stabelen i Östersund onsdag.

Martin Fourcade vann løpet framfor tre landsmenn, med Tarjei Bø som beste nordmann på 6. plass. Stryningen, som kjempa om ein plass på pallen då han kom inn til siste skyting, pådrog seg to tilleggsminutt til saman. I mål var han 2.28,8 bak Fourcade.

- Det vart langt opp til Fourcade, men alt i alt ein stabil og bra start på sesongen for min del, sa Tarjei Bø til NRK etter løpet.

Johannes Thingnes Bø hadde ingen stor dag i langrennssporet, og måtte ta til takke med 10. plass, 3.12,6 bak vinnaren. Også Johannes pådrog seg to tilleggsminutt.

- Det var kraftlaust, eit skikkeleg sliteløp. 18 treff er ok, men eg burde hatt 19. Men det var den dagen i dag, oppsummerte Johannes Thingnes Bø til TV-kanalen.

Laurdag er det 4x7,5 km stafett som står på programmet i Östersund.

Resultat,20 km:

1. Martin Fourcade, Frankrike 53.11,9 (0-0-0-1)

2. Simon Desthieux, Frankrike +12,7 (0-1-0-0)

3. Quentin Fillon Maillet, Frankrike +1.50,8 (2-0-0-1)

4. Emilien Jacquelin, Frankrike +2.17,8 (0-1-0-1)

5. Benjamin Weger, Sveits +2.28,2 (1-0-0-0)

6. Tarjei Bø, Norge +2.28,8 (0-0-1-1)

7. Fabien Claude, Frankrike +2.32,4 (2-0-0-0)

8. Matvey Eliseev, Russland +2.54,6 (1-0-0-0)

9. Alexander Loginov, Russland +2.55,1 (0-0-0-2)

10. Johannes Thingnes Bø, Norge +3.12,6 (0-1-0-1)

Martin Fourcade tok over leiinga i verdscupen med dagens siger. Franskmannen har 100 poeng etter to øvingar, medan Tarjei Bø på 2. plass har 92 poeng. Johannes Thingnes Bø ligg på 3. plass med 91 poeng.