Raftevold og Lødemel til cupfinalen

Oskar Raftevold, Elias Lødemel og Førde Volleyballklubb er klare for cupfinalen.

Cupfinale: Elias Lødemel, Oskar Raftevold og Førde Volleyballklubb er klare for cupfinalen.   Foto: Arkiv

Nyhende

Det er klart etter 3-0 over Koll i andre semifinale i helga. TIF Viking blir motstandar i finalen som går i januar.

Oskar Raftevold frå Innvik spelte ikkje kampen mot Koll i helga då han måtte hjelpe til på 1. divisjonslaget. Men Elias Lødemel fekk spele eitt sett, og honndølen har fått prøve seg litt i klubben etter overgangen tidlegare i haust.

– Eg spelte heile kampen mot TIF Viking for litt sidan, og eg fekk spele eitt sett laurdag. Det har vore lærerikt og kjekt å kome inn i ei ny spelargruppe. Samhaldet i laget er veldig bra og det er eit veldig fint miljø rundt volleyballen i Førde, seier Lødemel, som mellom anna har hatt sandvolleyballspelaren Anders Mol som lagkamerat i haust.