Støtte til Designvegen

Samarbeidsprosjekt: Prosjektet Designvegen er eit samarbeid mellom Stranda, Sykkylven, Volda og Stryn, og skal gi auka verdiskaping for aktørar langs fv 60.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Prosjektet Designvegen er inne i sitt andre driftsår. Det var Sykkylven næringsutvikling som i 2018 tok initiativ til prosjektet og inviterte Stranda, Hornindal, Stryn og Volda med i samarbeidet.

Formålet for Designvegen er å utvikle eit reiselivskonsept som gjev auka verdiskaping for aktørane langs fylkesveg 60. Prosjektet har i år jobba inn mot enkeltaktørar innan reiseliv, design og møbel. Det er Åsne Folstad som er prosjektleiar.

Stryn kommunestyre vedtok sist veke å løyve 30.000 kr til det andre driftsåret.