Funne i Stryn

Tre nøtter til Askepott?

Har du sett på maken?

Tre-delt hasselnøtt  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Magnar Lyngve Sunde kom innom Fjordingen med denne tre-delte hasselnøtta. Han fortel at han aldri før har sett på maken og undrar på om det er andre som har sett ei slik hasselnøtt før.

- Eg har sett mange doble hasselnøtter, såkalla filipine, men dette har eg aldri sett før, seier Sunde.

Nøtta plukka han frå si eiga nøttebusk på Storesunde i Stryn og 2019 har vore eit særs godt år for nøtter der.

- Eg planta blodhasselbuska i hagen for mange år sidan, men i år har det vore voldsomt med nøtter. Eg har plukka 8,6 kilo berre i år, seier han.

- Eg har no funne to slike tre-delte nøtter. Eg reknar nesten med at det er tre nøtter i dei, men dei skal ikkje knekkast før julaftan, seier Sunde.

Veit du om dette er eit sensasjonelt funn, eller ikkje så uvanleg, så høyrer vi gjerne frå deg på epost: redaksjon@fjordingen.no