1,1 million til country, 0 til vise

Norsk Countrytreff i Breim får 1,1 millonar kroner frå Kulturrådet, medan Stryn Visefestival ikkje fekk støtte. 

Steve N Seagulls er eit finsk band som har gjort karriere av å spele bluegrass-versjonar av hardrock og metall-låtar, og viste fram eit stort repertoar for publikum på countrytreffet i sommar.   Foto: Runar Sandnes/NCT

Nyhende

Det kjem fram i ei pressemelding frå Kulturrådet, som før jul fordelte totalt 160 millionar kroner på totalt 171 festivalar rundt om i heile landet.

Frå Sogn og Fjordane kom det inn totalt elleve søknadar. Kulturrådet har vedtatt at åtte av desse får tilskot i 2020. Dette er ein innvilgingsprosent på 72,7.

Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid søkte om 500.000 kroner, men Kulturrådet har vedtatt at festivalen får 300.000 kroner i 2020. Dei andre sju festivalane i Sogn og Fjordane som får tilskot er FjordBlues festivalen (125.000 kroner), Fres Festival (175.000 kroner), Balejazz (200.000 kroner), Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (6,3 millionar kroner), Gloppen Musikkfest (450.000 kroner), Stiftinga Norsk Countrytreff (1,1 millionar kroner) og Utkant`20 (350.000 kroner).

I Sogn og Fjordane søkte også Glopperock om 150.000 kroner, men er ikkje blant festivalane som får tilskot i 2020. Det gjer heller ikkje Målrock som søkte om 100.000 kroner og Stryn Visefestival som søkte om 200.000 kroner, melder Kulturrådet.