Bildeglimt frå juletradisjonar

Her er eit par bildeglimt frå juletradisjonar ved nokre av skulane og kyrkjene i indre Nordfjord.

5.trinn ved Tonning skule hadde før jul to flotte framføringar av den moderne julemusikalen Knut og Fjompenissen.   Foto: Leif Vinsrygg

Nyhende

Den tradisjonelle julebandyturneringa på Hornindal skule for ungdomstrinnet siste veka før jul.   Foto: Hornindal skule


9A beste elevlag på 2. plass. André C. Lillestøl, Olander N. Espe,Truls B. Flåm, Olav A. Seljeset, Ingeborg Sætren og Sol Alme Brendefur.   Foto: Hornindal skule


Førjulstradisjon: Lærarane vann til slutt juleturneringa i innebandy for ungdomstrinnet ved Hornindal skule.   Foto: Hornindal skule

Flotte englar og julepynt laga av borna i barnehagane i Stryn som heng i Nedstryn kyrkje.   Foto: Beate Nes


Tre femåringar som dei tre vise menn på vandring mot stallen. Frå gudstenesta for barnehagane i Nedstryn kyrkje.  Foto: Beate Nes


Lydhøyre elevar: Frå skulegudstenesta i Olden kyrkje sist fredag.   Foto: Berit Melheim