Idrettsgallaen:

Ingen prisar på Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø var nominert i tre kategoriar på idrettsgallaen.  Foto: Ragnar Singsaas Photography (arkiv)

Nyhende

Johannes Thingnes Bø var nominert til tre prisar på idrettsgallaen på Hamar i går.

Stryningen var nominert i kategoriane Årets lag (mix stafettlaget frå VM i Östersund), Årets mannlege utøvar og Årets namn.

Årets lag vart sandvolleyballspelarane Anders Mol og Christian Sørum.

I kategorien Årets mannlege utøvar var Thingnes Bø nominert etter mellom anna fire VM-gull og samanlagtsiger i verdscupen sist sesong. Her gjekk Karsten Warholm til topps. Det gjorde han også i den siste kategorien Thingnes Bø var nominert i, Årets namn.

Trenarane for skiskyttarane, Siegfried Mazet og Egil Kristiansen, var nominert i kategorien Årets trenar. Her gjekk trenaren til Karsten Warholm, Leif Olav Alnes, av med sigeren.