Har hengt opp flott og minnerik fotoserie på Vikane Omsorgssenter

Initiativtakaren: Tord Bruland i korridoren med bilete.  Foto: Geir-Ståle Vatnamo

Nyhende

Når ein i dag kjem inn i korridorane på Vikane Omsorgssenter kan ein ikkje unngå å legge merke til alle dei flotte innramma fotografia frå gamle dagar. Dei fleste bileta har korrekt tilskore paspatur mellom råma og sjølve motivet, og er profesjonelt laga.