Må i retten etter frontkollisjon

Føraren av ein personbil som frontkolliderte med eit vogntog i april i fjor, må møte i retten.

Bil mot vogntog: Vogntoget køyrde i fjellveggen på motsett side av vegen etter kollisjonen med ein personbil 5. april i år.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ulukka skjedde på rv 15 i Markane 5. april i fjor. I følgje tiltalen kom personbilen over i motgåande køyrefelt og kolliderte front mot front med ein lastebil. Dette som følgje av at «føraren sovna og/eller mista konsentrasjonen bak rattet». Vogntoget køyrde i fjellveggen etter å ha kollidert med personbilen. Begge køyretøy fekk store materielle skader. Førar av vogntoget vart sjukmeldt etter ulukka. Føraren av personbilen og dei tre passasjerane slapp frå ulukka utan store skader.