To elevar frå Stryn vgs deltek i ungdoms-OL i Sveits:

Skal forsvare dei norske fargane

Landslinje-elevane Gunn Kristi Tvinnereim og Emil Hage Streitlien har sett kursen mot ungdoms-OL i Sveits. Laurdag skal skiskyttarane delta i dei første konkurransane.

Ungdoms-OL: Emil Hage Streitlien og Gunn Kristi Tvinnereim frå landslinja ved Stryn vgs skal delta i ungdoms-OL i Sveits.   Foto: Nordfjord Team (arkiv)

Nyhende

Ungdoms-OL går av stabelen frå 9. til 22. januar, og Norge er representert med 55 utøvarar i til saman 13 disiplinar. Leikane samlar om lag 2.000 deltakarar fordelt på nærare 75 nasjonar. For mange utøvarar er det også det første møtet med eit internasjonalt meisterskap.