To fekk bruksforbod

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten (arkiv)

Nyhende

Statens vegvesen gjennomførte ein tungtransportkontroll ved Kjøs bru natt til onsdag.

I kontrollen vart det tildelt to bruksforbod. Eitt vogntog var for langt og måtte korte inn lengda. Eitt køyretøy hadde luftlekkasje og vart henvist til nærmaste verkstad for reparasjon. I tillegg fekk ein førar gebyr for å ikkje ha med seg førarkort, går det fram av kontrollrapporten.