519 fødde ved Volda sjukehus i 2019:

15 prosent av alle fødde her har adresse i Nordfjord

519 nye samfunnsborgarar kom til verda ved Volda sjukehus i fjor. 76 av dei har adresse i Nordfjord.

Volda sjukehus: Her vart det fødd fleire born i 2019 enn både sjukehuset i Molde og i Kristiansund. 15 prosent av dei fødde kjem frå Nordfjord.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det vart eit godt år for fødeseksjonen ved Volda sjukehus i 2019 der totalt 519 born vart fødde. Volda sjukehus kjem godt ut på kvalitetsindikatorar og hadde i 2019 høgare fødselstal enn både Kristiansund og Molde.