26 jenter på Ullsheim-samling

Jentesamling: 26 jenter frå heile Sogn og Fjordane Skikrins hadde samling på Ullsheim sist helg.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Like årvisst som Ullsrennet sist helg er jentesamlinga som skikrinsen skipar til på Ullsheim i samarbeid med Markane IL. I år var det 26 jenter i ulike aldrar frå krinsen som var samla. I tillegg til deltaking i konkurransane hadde dei trening, sosialt samvær og overnatting i klubbhuset.