Legg fotballskoa på hylla

Ulrik Flo har spelt sin siste fotballkamp for Sogndal.

Cupkamp: Ulrik Flo i duell mot Vegard Sæten Hopland på Stryn stadion i fjor.   Foto: Stig Høynes

Nyhende

Ein kjent og kjær spelar blir ikkje med når oppkøyringa til ny sesong startar neste veke. Ulrik Flo legg fotballskoa på hylla og skal no til i ein sivil jobb, skriv Sogndal Fotball på si heimeside.

– Eg skal inn i familiebedrifta Flo Brannsikring og vil ha fullt fokus på dette no framover, seier ein vemodig Ulrik Flo til klubben.

– Ulrik er særs godt likt i gruppa og har stått fram som ein fin farsfigur for dei unge spelarane våre. Han vil bli veldig sakna, seier trenar Eirik Bakke.

Ulrik Flo kom til Sogndal frå Stryn i 2007. Han har også spelt for Odd, Silkeborg i Danmark og Fredrikstad før han returnerte til Sogndal i 2018. I alt scora han 45 mål fordelt på 233 offisielle kampar i kvitedrakta.