Vil ha meir liv ved det gamle trehusmiljøet

Ønskjer endra regulering for å halde «liv i husa».

Meir liv: Det må skapast meir aktivitet og liv i Perhustunet og det gamle trehusmiljøet, meiner eigarane.  Foto: Ole Anton Brekke

Nyhende

I samband områdereguleringa av Stryn sentrum er det kome innspel frå eigarane av Perhustunet, som blant anna omfattar butikken O.L. Brekke og Walhalla. Brørne Ole Anton og Steinar Brekke er opptekne av korleis ein best tek vare på det gamle trehusmiljøet ved Stryneelva.