Meiner for lite blir gjort i høve utfordringane i Lodalen:

– Kommunen er for lite "på"

Ein ny turistsesong er få månader unna, og i Lodalen er fleire bekymra for kva som ventar. Tiltaka kommunen har sett i verk mot villcamping og forsøpling er ikkje nok meiner representantar for Loen Utviklingslag.

Uløyst: Det var sommaren 2018 at det for alvor vart slege alarm om villcamping i Lodalen. Ein opplevde særleg campingaktiviteten ved Breng som eit stort problem. Snart to år etter saknar innbyggjarar effektive tiltak og der heile dalen er inkludert i planane. Arkivfoto: Roy Aron Myklebust 

Nyhende

Vegard Rake Midtun, Marte Sande og Elin Sande Beinnes i Loen Utviklingslag opplever kommunen som alt for passive når det gjeld å ta tak i utfordringane. To mobile toalett og nokre skilt på Breng er ikkje nok til å løyse problema meiner dei. 600.000 kroner vart nytta på toalett- og renovasjonsordningar i Lodalen i 2019. Dette er tiltak som kommunen tenkjer å vidareføre i år.