Tarjei Bø:

- Er det muleg!?

Tarjei Bø hadde sjansen til å knappe inn på verdscupleiar Johannes Thingnes Bø.  Foto: NSSF (arkiv)

Nyhende

Tarjei Bø utnytta ikkje sjansen til å knappe inn på verdscupleiinga til Johannes Thingnes Bø på sprinten i Oberhof fredag.

Stryningen var i teten ut frå første skyting, og inn til ståande skyting var han framleis med i kampen om ei god plassering. Men så skjedde det som ikkje skulle skje. Etter ein bom gløymde han å gå strafferunden.

- Ut frå andre skyting heiv eg meg på stavane. Halvvegs i nedoverbakken (ut frå stadion) kom eg på at eg skulle gått ein strafferunde, sa Tarjei til NRK etter løpet. Dermed snudde han og gjekk strafferunden, men tapte sjølvsagt mykje tid, og ikkje minst ei god plassering som kunne gitt verdifulle verdscuppoeng.

Rennet gjekk i striregn, og det var knapt med snø i løypa. Erlend Bjøntegaard vart beste nordmann på 8. plass. Martin Fourcade vann sprinten.

Det er allereie bestemt at Tarjei ikkje skal gå laurdagens stafett. Søndag stiller han derimot på startstreken når det er fellesstart.