LEIAR:

Meiner kommunen er for passiv i Lodalen

Lodalen: Fleire møteplassar er utvida og ferdigstilte langs Lodalsvegen.   Foto: Berit Melheim

Vi vil alle ha turistar på besøk, men både for dei fastbuande og turistane sjølv, må turismen skje i ordna former

Nyhende

Bebuarar og næringslivet i Lodalen er uroa over situasjonen med villcamping og forureining i dalen. Sommaren 2018 var aviser og sosiale media prega av negative oppslag rundt mangelen på toalettfasilitetar og konsekvensen av dette, både i Lodalen og Olden. Mykje er blitt gjort i ettertid, og i sesongen 2019 var gode fasilitetar på plass i Olden og meir mellombelse løysingar i form av mobile toalett på plass i Lodalen.

No går Loen Utviklingslag ut med det som liknar ei bekymringsmelding, der dei hevdar kommunen er for passive i forhold til behova i dalen. Utviklingslaget poengterer at behovet både for løysingar og god informasjon gjeld meir enn Breng. Behovet gjeld heile Lodalen.

Omfanget av såkalla villcamping og turistane si tolking av at allemannsretten gir dei større rettar enn det som er tilfelle, har på kort tid skapt store problem i Lodalen. Lodalen er eitt av dei flottaste og mest spektakulære dalføre både i Nordfjord og i landet, på grunn av den ville naturen og den dramatiske historia med rasulukkene ved Ramnefjell i 1905 og 1936. Ulukkene kravde til saman 135 menneskeliv og flodbølgjene gjorde store materielle skader på hus og eigedom.

Den dramatiske historia og naturen trekkjer stadig fleire turistar til Lodalen. Difor har Statens vegvesen oppunder jul prioritert å utvide i alt ti møteplassar langs fylkesvegen, byggje rasvoll ovanfor minnestøtta og byggje ein 90 meter lang oppstillingsplass for bussar og bilar.

Investeringane i Lodalen er prisverdige, men treng oppfølging frå kommunen fordi betre tilkomst truleg gir ytterlegare auka trafikk. Ordførar Per Kjøllesdal seier i dagens avis at kommunen har stort trykk på saka, men at dei ikkje vil ta forhasta avgjerder. Det er forståeleg. Samtidig er det viktig at arbeidet med å leggje planar og få tiltak sett i verk skjer så raskt som det er forsvarleg. God dialog og samarbeid med dei som bur og driv næring i Lodalen må vere ein sjølvsagt del av arbeidet for å finne optimale løysingar både for dei som bur i dalen og dei som kjem på besøk. Vi vil alle ha turistar på besøk, men både for dei fastbuande og turistane sjølv, må turismen skje i ordna former.

Bengt Flaten, ansvarleg redaktør