Speidarane samla inn 18.000 kroner

innsamling: Ein speidar er til å stole på. Foto: Stryn KFUK/KFUM 

Nyhende

Måndag og tysdag hadde dei yngste speidarane sin årlege innsamlingsaksjon i Stryn sentrum og på Nordsida.

På ein god time fekk dei inn 18.000 kroner til eit utdanningsprosjekt i Sør-Sudan.

Dei fortel at dei fekk god mottaking når dei kom på dørene med bøsser og song. Speidarleiarane takkar alle ivrige born og alle gjevarar.

Dette er ei god og positiv oppleving for speidarane våre, fortel Henny Koppen for Stryn KFUK/KFUM.