Verdscup i dag:

Tarjei Bø usikker på formen

Skiskyttareliten har lagt jule- og nyttårsfeiringa bak seg. No er det kamp om verdscuppoeng som gjeld for Tarjei Bø og kompani.

Oberhof: Tarjei Bø jaktar nye verdscuppoeng i Oberhof denne helga.   Foto: NSSF

Nyhende

Etter å ha vore småsjuk siste tida er Tarjei Bø usikker på formen, og han seier til NRK at det allereie er bestemt at han ikkje skal gå stafetten laurdag for å spare seg.

Johannes Thingnes Bø står over verdscuprenna i januar, og storebror Tarjei Bø er ironisk nok mannen som kan ta over leiinga i verdscupen samanlagt.

Med 374 poeng toppar Johannes Thingnes Bø verdscupen enn så lenge. Tarjei Bø ligg på 2. plass med 313 poeng før sprinten i Oberhof fredag. Søndag er det 15 km fellesstart som står på programmet. Det blir med andre ord ingen jaktstart i Oberhof.