I dag spelar desse karane cupfinale

Finale: Oskar Raftevold (t.v.) og Elias Lødemel spelar cupfinale laurdag.  Foto: Privat

Nyhende

Laurdag ettermiddag spelar Oskar Raftevold frå Innvik og Elias Lødemel frå Hornindal cupfinale i volleyball for Førde Volleyballklubb. Staden er Ekeberghallen, og motstandar er ein av dei argaste konkurrentane, TIF Viking.


Raftevold og Lødemel til cupfinalen

Oskar Raftevold, Elias Lødemel og Førde Volleyballklubb er klare for cupfinalen.


Formen er god og trua på siger er der, seier Oskar Raftevold til Fjordingen:

- Formen er bra ja, og vi har alltid tru på siger. Med seg på laget i år har han Elias Lødemel, som signerte for sunnfjordingane før inneverande sesong.

- Eg er spent og eg har trua på ein god kamp, seier Lødemel.

Og ringside sit ein stor delegasjon supporterar og fleire familiemedlemer, spente på om Førde nok ein gong kan heve pokalen over hovudet etter ein finale.