Stryn vidaregåande skule:

Markerte overgang til Vestland

Torsdag inviterte Vestland fylke alle vidaregåande skulane til kakefest på dei ulike skulane for å markere starten for det nye fylket.

Kakefest: – Kaka er laga på skulen. Det skal vere nok til alle, sa tilsette ved skulen. Avdelingsleiar Johanne Elisabett Sørdal sprett kaka.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Først vart det synt eit streama fellesprogram frå Sandsli i Bergen til dei om lag 4.000 tilsette og 20.000 elevane på dei vidaregåande skulane i Vestland. Fylkesordførar Jon Askeland helsa alle og var klar på at Vestland skulle bli ein hovudmotor, ei stor kraft og ei høg stemme inn mot regjeringskvartalet.