Drosja blir stasjonert i Hornindal

Nyhende

Volda Taxisentral AS har fått tildelt drosjeløyve i Hornindal med krav om at drosjen blir stasjonert i området Hornindal/Raftevold.

Det har samferdslesjefen ved Møre og Romsdal fylkeskommune bestemt.

Volda Taxisentral tek over løyvet frå Anne Raftevold som hadde løyvet fram til 20. desember. Det skal ikkje ha vore klage på tildelinga.