Humorshow og konsertar på Alex

Ina & Ørjan Show, Vilde og Anna og 80-talskonsert er berre noko av det som skjer på kulturfronten på Hotel Alexandra i vinter.

Ina og Ørjan Show: Komikarane Ina Breivik og Ørjan Liavåg set kursen for Hotel Alexandra laurdag 29. februar med humorframsyninga Ina & Ørjan Show.   Foto: Presse

Nyhende

Laurdag 1. februar blir det store hits frå 80-talet med konserten Glory Days. Med vokalistar, koristar og blåserekke blir det ei energisk konsertoppleving av dei sjeldne, skriv hotellet i programmet sitt.

I vinterferien kjem Vilde og Anna frå Nordfjordeid på besøk. Dei byr på eit splitter nytt show med allsong og god stemning laurdag 22. februar.

Ina «Margot» Breivik og Ørjan «Leif-Per» Liavåg er nokre av dei ypparste komikarane på Vestlandet. Dei byr på ei god blanding av utvalde reprisar og heilt nye nummer og karakterar i humorshowet sitt laurdag 29. februar.

Sunnmørsbandet Faculty of Funk stiller med full blåserekkje og solid vokal helga 20. og 21. mars.

Palmehelga 3. og 4. april er Mona-Jill Band klare for å spreie glede og lage liv med sine flotte danselåtar, skriv Hotel Alexandra i programmet sitt.