Jamel varta opp med samba-Foppall på heimebane

Jamel Rake tok med seg podcasten Foppall og kollegaene Bernt Hulsker og Kjetil Rekdal til Alexandra i Loen. Det vart ei underhaldande økt i ein fullsett sal.

Varm velkomst: Det var tydeleg at Jamel Rake var på heimebane laurdag. Han vart møtt med ein rungande applaus av dei nær 350 frammøtte til live-utgåva av podcasten Foppall. Saman med kollegaene Bernt Hulsker og Kjetil Rekdal fylde dei halvannan time med underholdande preik. 

Nyhende

Billettane vart oppgjeve å vere utselde fleire timar før showstart. Og dei 340 i Loensalen tok varmt imot Jamel Rake då han entra scena laurdag kveld. Med glimt i auge, bøttevis med sjølvironi og ei og anna skrøne heldt trioen Rake, Hulsker og Rekdal det gåande i halvannan time. Historier frå dei to sistnemnde sitt fotballiv prega kvelden, men då gjerne historier av den kuriose sorten og der herleg utbrodering kan seiast å vere den raude tråden.