Ny musikk frå Glennen

Glenn «Glennen» Rand kjem ut med ny låt og video fredag 17. januar, og han gler han seg til å spele på Stryn Visefestival i slutten av mars.

Glenn «Glennen» Rand er snart ute med ny musikk. Honndølen som bur på Haugalandet kjem også til Stryn Vise-festival i slutten av mars.  Foto: Presse

Nyhende

Glennen er frå Hornindal, men har slått seg ned på Haugalandet i Rogaland. Den nye låta Mine Auge Lukka vart spelt inn i H-Musikkstudio med Gunnar Hustvedt i Haugesund.

– Eg fekk med meg ei handfull av flotte, lokale musikarar frå Haugesund. Vidare sende eg låten til Norsk Lydstudio i Mjøndalen, og fekk den produsert av Donkeyboy-gitarist Peter Michelsen. I prosessen med innspeling brukte eg mulegheita til å filme inn musikkvideo til låta mi, fortel Glennen. Musikarane var positive til ideen, og er alle med i den. Videoen kjem og ut neste fredag. No ser han fram til å presentere ny musikk og video til folket.

– Vidare framover skal eg ha ein lunsjkonsert i Aksdal 21. februar. Eg skal og har fleire konsertar på Stryn Visefestival i slutten av mars. Eg ser veldig fram til å vise både musikken og videoen til publikum, seier honndølen som gler seg til å spele på heimebane i mars.